Melkevoll Bretun camping

Melkevoll Bretun er eit turistsenter like ved Briksdalsbreen. Her har du brearmar, fjell og fossar som næraste nabo.

Du kan overnatte på campingen i bubil og telt, eller i våre komfortable hytter. Her er også lagt til rette for dagparkering med mange fasilitetar for alle våre gjester.

Camping

På Bretunet har vi mange tilbud for dei som ynskjer å campe med telt, vogn eller bubil. Ein finn sin egen plass i naturområdet, der vi har lagt til rette med små avskjerma terassar, samt større opne områder. Omkring på Bretunet finn de benker og trebord for å nyte måltid ute.

  • Gratis wifi for våre gjester.
  • Uttak for straum omkring på campingområdet.
  • Område for kjemikaltoalett og påfyll av vatn.
  • Stort nytt kjøken for matlaging og oppvask
  • Store grillar og sitjeplassar til disposisjon for våre gjester, - med utsikt mot fjell og bre Bålgrue.
  • Personleg service på dagtid, kafe med kaffi og is, samt eit enkelt utval av varer.
  • Vaskemaskin for kle, og tørketrommel
  • Dusj, WC, bad og sauna, elvekulp for isbad rett utanfor.

Våre hytter

På Melkevoll Bretun har vi ulike typer hytter og leilegheiter til utleige. Vi har fire høgstandardhytter og stor leilegheit som er svært populære, alle med utsyn til fjell, foss og brearmar. Dei tre campinghyttene har ein kosleg atmosfære, med veldig kort avstand til servicebygg, kjøken og alt ein treng.

Feriehytte***** 1, 2 og 3

Våre tre feriehytter har vore svært poplære i mange år, og legg til rette for eit komfortabelt opphald.

  • Her er: Tre doble soverom - to med enkeltsenger og eit med dubbelseng. (6 personer, ekstraseng i 2 & 3 gjev plass til 7 personer.)  Mogelegheit for barneseng og ekstraseng. Alle hytter har dyner og puter, - sengetøy må ein ta med eller leige.
  • Dusj og WC
  • Fullt utstyrt kjøken
  • Spisestue og salong
  • Natursteinpeis
  • Stor terasse
  • Utsikt mot Melkevollsbreen, Briksdalsbreen og Oldevatn, og utgongspunt for fjellturar i Nasjonalparken like utanfor.

Feriehytte 4*****

Ei ny hytte er kome til dei siste åra. Denne har tre soverom med sengeplasser til 8-10 personer, og mogelegheit for barneseng. I første 1. etasje finn du: Bad/Dusj/WC, kjøkken med oppvaskmaskin og spisestue, salong, to soverom og varmepumpe. Tilrettelagt for rullestol. 2. etasje: Hems med stort soverom, kosekrok med spesiell utsikt.

Campinghytte**** 5, 6 og 7

Campinghyttene er koslege og har vore ein del av campingen i lange tider, og er nyrenovert i 2018. Her finn du: 4 sengeplassar (med moglegheit for 1 ekstra). Dyne og pute - sengetøy må du ta med eller leige. Kjøken med komfyr, vask og kjøleskåp. Bad med dusj og toalett. Stovekrok med sofa og bord. Terasse med bord og stolar

Kva kan du oppleve her?

Ved sidan av flotte fjell- og breturer, så har vi på Bretunet eigne små turstiar og "Inforamavegen" med informasjon om fjell, bre og historie. Vi har båt og sykkelutleige, og eit stort område med buldresteiner for klatreinteresserte. Med Melkevoll Bretun som base kan du oppleve fjordnorge på sitt beste.

Yoga og fjell retreat - yogaklasser for alle

Dei siste sommarane har det vore arrangert kurs i Yoga på Hemsen på Melkevoll Bretun. Med fossedur, naturen og den friske lufta her legg forholda svært godt til rette for å utforske og lære yoga. Yogateknikkane er flotte verktøy for å utvikle god helse, stille sinnet og avspenning.

Briksdalsbreen (130 - 350 m.o.h., 2 timar tur-retur)

50 minutt å gå frå Melkevoll Bretun. Briksdalsbreen er ein av Norges mest besøkte naturattraksjonar. Her finn du stor suvenirbutikk med godt utval, restaurant, og mogelegheit for transport med open bil. Turen går gjennom eit frodig landskap der synet av fossar og brear kan ta pusten frå ein. Vegen er lett å gå fordi bøndene i Oldedalen for meir enn 120 år sidan starta arbeidet med å byggje murar og bruer slik at turistane lett kom fram. Til slutt kryssar du grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark og du kjem til Briksdalsbrevatnet der små isfjell sakte sig mot elveosen. Frå enden av vatnet strekkjer Briksdalsbreen seg oppetter fjellsida like til breplatået om lag 1.500 høgdemeter lenger oppe.

Kattanakken (130- 1450 m.o.h, 5-8 timar tur-retur)

Du følgjer vegen til Briksdalsbreen og tek av til høgre like over Briksdalsfossen. Første del av turen går i relativt lett terreng til du kjem til Sauskårholten. Dette er eit fint utsiktspunkt. Om du er lite fjellvand eller har høgdeskrekk, bør du nok snu her. Turen vidare opp egga er svært luftig, men likevel grei å gå. Ein tur for fjellvande.

Velkommen til flotte opplevingar ved inngangen til Jostedalsbreen Nasjonalpark!

Kontaktopplysninger
Åpningstider
  • Åpent: 1.5.- ca 15.10
  • Fullservice-periode: Juni, Juli og August
  • Høysesong: Juni, Juli og August
  • Bobil/campingvogn: -Sommer-Høstferie
  • Telt: -Sommer-Høstferie
  • Hytte: -Sommer-Høstferie
Fakta
  • Antall plasser for både bobil- og vogn: 70
  • Antall teltplasser: 70
  • Hytter: 8
Plassering
Video

Universell utforming (UU):

Universell utforming gjøres for å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.

Det er campingplassene selv som har gitt sin egenvurdering av hvor godt campingplassen er tilpasset.

Vi gjør oppmerksom på at kartleggingen ikke sier noe om kvaliteten på campingplassen, kun i hvilken grad de ulike tjenestene er universelt utformet.

UU: Parkering
UU: Inngang resepsjon
UU: Resepsjon
UU: Sanitæranlegg
UU: Gangveier
UU: Hytter, rom og leiligheter
UU: Butikk/kiosk
UU: Serveringstilbud (lokaler)
UU: Serveringstilbud (meny)
UU: Skilting
UU: Tilrettelagt uteområde